Arego
kw:!support_us

Reportasje 50-tals løpet

22.08.2014

Som innleiing til Vestlandsmeisterskapen skipa Stord orientering fredag til eit gammaldags o-løp, slik det vart organisert for 60 år sidan. Kartet var datert i 1949, i målestokk 1:50 000 med ekvidistanse 30m, utan korrigeringar. Orienteringa vart difor svært ulik dagens detaljrike kart som er i 5 – 10 gonger større målestokk og med 5m ekvidistanse. Deltakinga vart også som i gamle dagar, i alt 12 løparar starta og av desse braut 5 løpet (4 av dei fann ikkje første post!). Diverre var to motige jenter som starta i kortløypa mellom dei som braut, medan røynde o-løparar som Oddmund Roalkvam og Jarle Halland klarde å velja feil kartoppslag på første post, slik at dei sprang kort i staden for lang løype.

Den som imponerte var igjen Bjarte Westerheim som sprang den 5,2km lange løypa med 6 postar på 54.30, altså ca 10 min/km, noko som var vanleg vinnar-fart på den tid då dei beste løparane var vane med slike kart. Dei andre løparane hadde større vanskar.

Resultat

Lang løype, 5,2km, 6 postar

  1. Bjarte Westerheim        Stord orientering            54.30
  2. Harald Westerheim       Fitjar                              1.51.00
  3. Even Rolvsnes              Stord orientering           2.10.00
  4. Øyvind Gaute Berg       Stord orientering            2.17.15
  5. Ole A Westerheim         Fitjar                              2.21.15

Sigmund Sætre                        Fitjar                                Braut

Jon Skjolde                              Onarheim                         Braut

Jan Ove Øen                            Stord orientering              Braut

 Kort løype, 2,1km, 3 postar:

  1. Oddmund Roalkvam     Stord orientering            36.30 (feil løype)
  2. Jarle Halland                 Stord orientering            55.30 (feil løype)

Guro Skulstad                          Stord orientering            Braut

Annie Myhre                             Stord orientering            Braut

Jonny Huse og Harald Haugen hadde laga løyper etter gammal oppskrift med kartoppslag på kvar post og 2D flagg, i terrenget mellom Stua, Litlabø og Øvre Økland. For at fleire skal få høve til å prøva seg på denne typen kart og orientering, kjem postane til å bli hengjande ute i terrenget ei tid frametter (sjå heimesida til Stord Orientering for info). Den låge deltakinga kan nok skuldast dels at mange løparar konsentrerer seg om arrangementet på laurdag, og dels det kraftige regn- og toreveret som sette inn timen før start på fredag.