Arego
kw:!support_us

Vellukka Kristornhelg

12.04.2014

Kristornpretten

Tradisjonell fellesstart i puljer i dette kjekke løpet med løparar i alle aldrar. Sjå film frå siste veksling: https://www.facebook.com/photo.php?v=10202907764768723 

I år vart det uvanleg tett i tetkampen med heile seks løparar innenfor 49 sekund! Innspurten var spanande, og laurdagens Kristornsprett vart vunnen av Kristian Løvås frå Varegg, i skarp duell mot Kjetil Damm frå Viking. Dei var likt over målstreken, men vinnaren var Kristian som stempla fyrst på målbukken, som då fekk eit napp i vandrepokalen. Beste dame vart ungdomsløparen Janne Tjørhom Aasheim frå Ganddal. Øvrige som fekk premie var Mathias Rosenlund, Olav Ekrheim og Ingrid Vrålstad Løvås (manglar på biletet). Gratulerar! Også flott innsats av dei yngste i Sparebankløpet. Resultat

Kristornløpet

Årets fyrste HOK-rankingløp samla 182 løparar frå 19 klubbar i Hordaland og Rogaland. Sjølv om mange i arrangørklubben ikkje kunne delta, var det 27 startande frå Stord o-gruppe, der fleire var heilt ferske rekruttar får onsdagens nybyrjarkurs. Sjølv om nokre brukte long tid i N-open var dei fornøyd med eigen innsats, då dei følte dei klarde å orientera seg fram til postane i debuten som o-løparar. Me graturelerar alle med flott innsats!
Resultat