Arego
kw:!support_us

Turorientering

O-gruppa arrangerer kvart år STORATRAVEN og LITLATRAVEN. Me har 90 postar ute i terrenget frå medio mars (i år 15.3) til 28.august då hjortejakta startar.

Tur-orientering er eit flott tilbod til deg som vil kombinera friluftsliv med spanande postjakt. Du kan ta postane når du vil og i den rekkefølga du måtte ønska. Tur-orientering er kjekt å gå åleina eller ilag med andre. Ta gjerne med ei nista og god drikka i sekken for ein rast i naturen.

STORATRAVEN (60 postar) har ulik vanskegrad frå lett til utfordrande, men ikkje nødvendigvis vanskelige postplasseringar. Ein må rekna med å bli våt på beina.

Turorientering 2024

STORATRAVEN: I år har me 4 ulike område som me nyttar, det er Digernes med 20 postar, Isdal/Dalheim med 20 postar samt Lundeåsen og Sjoalemyra vest med 10 postar kvar.

LITLATRAVEN: Karta for Litlatraven i år er Åsskogen, Skjephaugen og Gruvene. Fine områder å bli kjende med.
 
Turorienteringspose med kart og informasjon kostar kr 150 for Storatraven og 100 kr for Litlatraven. Billig moro som gir mosjon for kroppen og toppen.

Nytt av året er kart som tåler vatn!  

Merk! Det er ein app som ein kan bruka for å registrere postane med, «Turorientering (Ny)», denne kan du bruke til å scanne QR kode som er klistra på posten.

Du får kjøpt turorienteringsposar på følgjande stader:

  • www.turorientering.no, du får karta digitalt ned i smarttelefonen og PC’en din.
  • Sport 1  - på Heiane
  • Deli de Luca (Esso) i Sæ

Me tilbyr “Tur-O på nett” Turorientering på Stord. Du kan registrera dine postplukk på Tur-O sida vår. Hugs å melda frå dersom postar er borte!