Arego
kw:!support_us

Stolpejakten er i gang

22.06.2021

Stolpejakt er for alle, anten du går, syklar, kjører rullestol eller sit i barnevogn. Dei fleste stolpane er plassert ved gang/sykkelveg eller turveg.

Me har valt plasseringar som vil gi deg fine opplevingar. Er du på besøk eller ny på Stord, er stolpejakta ein god måte å bli kjent med
kommunen. Det er i alt 30 stolper å leita etter, 11 stolpar i Sagvåg/Litlabø og 19 stolpar i Leirvik. Stolpane er meterhøge trestolpar med nummer, bokstavkode og QR-kode. 

Slik blir du med:
Registrer deg på www.stolpejakten.no
- vel Stord orientering

Last ned stolpejakt-appen gratis. I appen finn du kart over alle stolpane. Ta med mobilen på tur, og skann QR-kodane på stolpane du finn. Alternativt kan du registrere bokstavkodane på stolpejakten.no. Alle som deltek er med i trekning av gåvekort når jaktperioden er over.

Oppstart var den 11.juni, den 22.juni er det 426 registrerte stolpejegere, 137 har tatt minst 10 stolpar, 41 er ferdig med alle.

I Onarheimsparken ved Storddøra kan ein under stolpejaktturen ta "Amatøranes meister" øvelsar og utfordra kvarandre ;-)