Skjema for refusjon av utgifter
Skjema og kvitteringer sendes til kasserer.
Reiser: Skjema for utfylling av reiserekning
Det er alltid ein føresetnad for utbetaling at skjemaet for reiseoppgjer er fylt ut og levert kasserar. Det skal leverast eit skjema for kvar einskild reise. NB! Lever reiseoppgjersskjemaet til kasseraren snarast etter at reisa er avslutta.
Alle billettar/kvitteringar skal heftast saman med skjemaet. Utgifter som ikkje kan dokumenterast, blir ikkje dekka.
- Ved reiser til løp i Hordaland/Rogaland blir ferjebillettar/bompengar med bil dekka, under føresetnad av at det er minst tre løparar i bilen. Passasjerane i bilen må dela på resten av utgiftene. Kvittering må leverast kasserar før utbetaling skjer.
- For løparar som kan delta i hovudløp og NM, og løparar som vil kvalifisera seg til elitestatus eller halda på elitestatusen, gjeld følgjande reglar ved slike løp: Ved bruk av eigen bil med minimum tre løparar blir utgifter til ferje og bompengar dekka heilt
- Reiseutgifter i samband med hovudløp og NM blir dekka fullt ut ved billegaste reisemåte
- Reiseutgifter i samband med større løp skal delast mellom O-gruppa og den einskilde deltakaren. Storleiken på eigenandelen blir bestemt av styret, og er avhengig av dei totale kostnadene ved arrangementet.
- Reiseutgifter til ferieløp blir ikkje dekka av O-gruppa.
Me bør reisa samla og fylla bilane så langt som mogleg. I Eventor vil ein sjå kven andre frå Stord som har meldt seg på.
Satsing på rekruttar/unge: på dei løpa som vert rekna som satsingsløp i sesongen dekker klubben utgifter til reise og opphald.
Utgiftsrefusjon: Skjema for refusjon av utlegg
Etter avtale med styret kan ein få refundert utlegg i samband med arrangement, treningar etc.
- 45851189
- Sjå info om oss