Arego
kw:!support_us

Vegval i RouteGadget og simuler løpet!

Stord Orientering har etablert ei RouteGadget heimeside for at me skal kunne teikne inn vegvala våre på felles kart på nettet. Då kan me samanlikne kva vegval me har brukt på kartet. I tillegg er strekktidene våre lagt inn, slik at me kan simulere løpet på kartet. 

RouteGadget er “eit program” som blir brukt for å teikna inn vegvala dine på løpskartet på Internett slik at du og andre kan sjå kvar du og andre har sprunge. Ein kan også “simulere” løpet mellom utvalgte løparar og samanlikna vegval og kor fort ein har tatt seg fram. 

Du finn brukarrettleiing her, og du finn vår RouteGadget-heimeside her.

Lukke til!

 

For å leggje inn dine vegval:

- Gå til linken for aktuelt løp, – du må svare Ja til å køyre Java-programmet når dette startar
- Kryss av for «Draw your route»
- Velg klassen du spring i («Choose class/course»)
- Velg namnet ditt («Choose your name»)
Teikna inn løypa slik: Klikk i midten av start-trekanten og klikk deg stegvis framover avhengig av kor nøyaktig du vil vera med kvar du har sprunge, heilt til klikkar i midten av målrundingen.
- Klikk «Save route» (lurer du på noko, finn du sikkert tips via Google, eller spør andre)

Samanlikn vegval og «simuler løpet»:
For å sjå løparar sine vegval (hugs ikkje kryss i «Draw your route» ), veljer du klasse eller eventuelt All classes («Choose class/course»). Velg så aktuelle løparar (dei med * har teikna inn vegval), og klikk «View routes».
For å simulera løpet, veljer du løparar som over, men trykkjer «View animation». Deretter må du trykkje «Start» for å starte animasjonen.