Finn-fram dag i strålande vær
I strålande vårvær, vart Finn-fram-dagen 2015 arrangert på Lundstre. Med 78 startande born i småtrolløypa og 26 ivrige born i labyrint-orienteringa må me være godt nøgde med oppslutninga. Me fekk også selt nokre tur-O-posar. Totalt var det godt over 200 besøkande med føresette.
Det bør også nevnast at det var Bendit-cup og Skarverennet denne dagen.
Lunstre v/Åshild har skaffa seg ein flott ny lavo og området eignar seg no godt for mange arktiveiteter. I forbindelse med arrangementet denne dagen vart det også laga o-kart over eigedomen.
Det var også aktivitetar som bogeskyting, hesteskokasting, renneløype og spidding av pinnebrød v/Barnas røde kors. Det var også sal av kaffe og sveler. Trur alle koste seg som tok turen.
Småtrolløypa hadde spørsmål omkring kartteikn på postane og smile- og sure-fjes undervegs, for å vise retninga.
Premier var det til alle born
Labyrintorienteringa var eit kvadratisk område på 8x8meter med mange postar og korridorar. Det var fem ulike løyper med ulik vansklighetsgrad. Mange tok alle løypene og nokre av dei fleire gongar kvar løype. (bitt av o-basillen;)
Me vonar me finn fleire av deltakande born i o-løypene i framtida.
Rotvelta tre etter orkanen Nina
BARK hadde ansvar for pinnebrød på bålpanna.
- 45851189
- Sjå info om oss