Arego
kw:!support_us

Jukola 2016

22.06.2016

Helga 17.-19. juni satte me avgårde med eit damelag og eit herrelag til verdens største orienteringsstafett Jukola. Vêrmeldingane var ikkje dei beste så me pakka med både ullkler og regnkler. Natt til laurdag overnatta me på hotell før me satte oss i bilan og køyrde dei 3 timane det var til arenaen. Der var det å innstallera seg i 16-manns militærtelt som arrangørane hadde satt opp på eit jorde.
Omtrent i det me kom til samlingsplass så byrja da og regna, regne fortsatte diverre heilt til me drog heim. Dette medførte at det blei ein smule vått og gjørmete, her er nokre bilder frå teltet.

 

Drenering ut av teltet :-)
Damestafetten byrja kl 14:00 med 1386 lag på startstreken, Irinja, Tove, Arnfrid og Malene sprang alle gode løp og laget hamna på ein flott 384. plass!

Tove på vei mot mål.

Herrestafetten byrja 23:00 og pågjekk gjennom heile natta. Sveinung, Bjarthe, Henrik, Stian, Arne Henrik, Råmund og Stig Helge kom seg flott igjennom natta og enda på ein god 381. plass av 1712 lag. 

Då me skulle heim var det kaos på jordet me hadde parkert, bortimot alle måtte tauast ut av traktorer. Me klarte heldigvis å "snika" oss fram i køen slik at me nådde flyet heim.


Til tross for at me var litt uheldige med vêret så var stemninge god og folk klare for å gjenta turen.