Arego
kw:!support_us

Kristtornløpet og Vestlandspremieren

08.04.2024

Vestlandspremieren, som er eit nyskapande samarbeid mellom Hordland og Rogalad krets, med tre ulike løp i løpet av helga (Kristtornløpet som Vestlandspremieren III) blei tatt godt imot. 

Både løpet på lørdag i Sveio og søndag på Stord samla over 200 deltakarar, om lag like mange frå Hordaland som frå Rogaland.

På søndag på Fjellgardane var det 69 barn og unge under 18 år som sprang. 

Frå Stord hadde me 5 med på fredag, 9 på lørdag og 8 på søndag. Ingeborg, Live og Malene deltok i alle løp. 

Under søndagens løp var det ca 20 i arrangørstaben som var med og bidrog på ein eller anna måte.

Dei som har svart på evalueringa på Eventor har gitt gode tilbakemeldinger både på løypene og arrangementet. 

Her ligg komplett resultatliste