Arego
kw:!support_us

Sunnhordlandsmeisterskap o-stafett tysdag 6.juni med nybyrjarløype

05.06.2017 |SRY

Løpet er i år på Heiane Vest, forbi Wartsila-bygget og inn mot undergang E39

Frammøte klokka 17:00 (håper flest mulig har meldt seg på, på førehand til sveinung.rykkje@sklbb.no )

Start ca. klokka 17:30 for stafett medan nybyrjarar har fri start frå 16:45

 

Stafetten har B-nivå som vil seie at det er oppfangande detaljar bak postane. Løypene er gafla (alle har ikkje lik løype, men lik lengde og like vanskeleg)

Det er to etappar med mix-lag. Me set saman laga på tysdag. Kvar etappe er 4,0km og består av to sløyfer, der løparen er innom publikumspost på samlingsplass ( Det er då mogleg at to personar kan dele etappen, men med same brikke. Dette for dei som synest 4km vert litt langt)

 

Me håpar flest mogeleg melder seg på med namn og brikkenummer og helst i løpet av måndag 2.pinsedag

 

Nybyrjarløype er 2,6km