Arego
kw:!support_us

Velkommen til Vestlandspremieren 5-7.april

20.03.2024
Første helga etter påske blir det sesongopning for o-løparar frå heile Vestlandet. Tre klubbar går saman om å arrangera Vestlandspremieren, tre-dagar med o-løp den 5.-7. april. 
 
1. dag: Premierehelga startar fredagskvelden 5. april med Bømlo IL som arrangør av Skumringssprinten. Nytt sprintkart i nærområdet til Bømlo-hallen blir grunnlaget for tevlinga som startar kl. 19.30. Dette markerer samtidig come back for o-sporten i Bømlo etter mange års fråvær. 
 
2. dag: Lørdag 6. april inviterer Sveio O-lag til mellomdistanse-orientering i Auklandshamn med høve til å starta frå kl. 14.00. I løpet av vinteren har Sveio O-lag fått synfart det aktuelle løpsterrenget på ny, slik deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand.
 
 
3. dag: Vestlandspremieren blir avslutta søndag 7. april på Stord, der Stord IL orientering innbyr til langdistanse-orientering i området nær Fjellgardane bygdehus. Denne løpsdagen blir det høve til å starta frå kl 11.00.
 
Vel møtt til ei flott o-helg i Sunnhordland!