Arego
kw:!support_us

Verdens Orienteringsdag 22.mai, Landåsen

22.05.2023

17- 23. mai blir Verdens Orienteringsdag (World Orienteering Day) markert over heile verda. 

Vi ønskjer store og små som vil prøve orientering gjennom kjekke aktivitetar, velkommen til lokalt arrangement i Landåsen (parkering Vabakkjen) måndag 22.mai kl.17.30-19.00. 

Vi har laga ei enkel løype med 4 postar, o-sti med spørsmål på postane, og ein kan prøve speed-orientering kor ein spring gjennom ei superrask løypa med ei tidtakarbrikke.

Alle barn får premie.